Dagane går, 26. og 27. mars

Det alle vonar no er at denne coronatida snart må ta slutt. Vi vaknar kvar dag til nyheiter om korleis smitten breier seg. Opplysningar om stoda i vårt land og verda utanfor tek mykje av tida og merksemda vår. Å kutte ut alt som har med corona å gjere, er inga løysing sidan det grip inn i kvardagen heile tida. Vi må no gjere det beste ut av den stoda vi er i sidan vi må vere heime det meste av tida.

Eg tok også i dag kontakt med ein person eg ikkje har snakka med på lang tid. Det var kjekt for oss båe. Grannen som bur oppe i lia kom inn på tunet og gav oss tre sildar han hadde fått i garnet. Totalfangsten var ni! Det vart middagen i dag. Nei, vi lid inga naud, men det vart ei glede i kvardagen. Vi er ikkje åleine.

Så langt kom eg i går. Ein ny dag er til ende og Bjørg har feira bursdag. Vi måtte til kommunesenteret for å hente ein vakker blomsterbukett frå våre kjære i Oslo og Bergen. Det vart proviantering og eit langvarig opphald på Norli. Eg ville gje Bjørg ei god bok og det vart ordna. Men det eg ikkje hadde tenkt på, var at ho hadde ein større plan: Kjøp av bøker til dei yngste barneborna. Det tok no si tid, men eg fann også ei bok til meg sjølv, ei redige røvarbok om jomsvikingane.

Vel heime var det god middag og seinare eplekake og is. Heldt på å gløyme at kona fekk pakke i posten, eit puslespel. No vart eg freista, eg som ikkje skulle pusle.

Det vart også telefonsamtale. I dag til eit søsken barn.

 

 

Annonser

4 kommentarer til «Dagane går, 26. og 27. mars»

  1. Hei igjen,
    Vart litt dobling av kommentarene i går – internett som kanskje kokte litt og ikke gav meg melding om at kommentaren vart godkjend – ja ja.

    Ja – eg las bloggen der du anmeld boka «Noe tapt og noe vunnet» og har tenkt å kjøpe boka. Til jule så fekk eg alle tre bøkene som Bjørn Andreas Bull-Hansen har skrive om vikingtida gjennom hovedpersonen Torstein som etterkvart får fleire etternamn. Så no held eg på med den siste. Så spent på dine tankar om boka «Jomsviking».

    Magnar

  2. Hadde ein raptus i fjor då eg las eit par «historiske» romanar. Tema var Heilag Olav og Harald Harald Hardråde. Vart merksam på denne boka om jomsvikingane og fekk lyst å sjå kor flink denne forfattaren er til å skildre livet i Norge for tusen år sidan.Eg skal melde boka når eg har lese henne. Las du forresten bloggen der eg reklamerte for boka «Noe tapt og noe vunnet»?
    Harald

  3. Hei igjen,
    Les at du har kjøpt deg bok om jomsvikingane. Er forfattaren Bjørn Andreas Bull-Hansen så har eg lest den boka. Det var julegåve siste jul. Høyrer gjerne din «dom» når du har lest den ferdig. Kanskje du vert freista til å lese dei to neste.

    Helsing Magnar

  4. Hei igjen,
    Les at du har kjøpt deg bok om jomsvikingane. Er forfattaren Bjørn Andreas Bull-Hansen så har eg lest den boka. Det var julegåve siste jul. Høyrer gjerne din «dom» når du har lest den ferdig. Kanskje du vert freista til å lese dei to neste.

    Helsing Magnar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *