Follabloggen

Velkommen til min blogg

Innsats for kulturlandskapet

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - torsdag 20. oktober , 2016

Landet vårt gror igjen. I går gjekk grannen og eg til verks. Med kvar si motorsag gjekk vi laus på einekagane på støylen. Einen veks som eit ugras på setervollen. Der han veks finn du ikkje blåbær. Før i tida gjekk kyrne på setervollen og beitte. Eineveden luktar godt. Eg drog lukta opp i nasen kvar gong eg felte ein eine. Det var rart å legge merke til korleis einen veks. Det er gjerne mange «greiner» som står liksom i ein krans.

Eg er ingen motstandar av einebuska, men tek han overhand, må noko gjerast.

Det var forresten ein koseleg dag på Sunndalssetra. Vi gjekk inn i Skareselet og åt nista vår. Ivar hadde fyrt opp i ovnen og vi fekk ein god prat.

 

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.