Follabloggen

Velkommen til min blogg

Sitje ute eller inne?

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - søndag 7. juni , 2015

Eg likar best å ete ute. Det må ikkje regne, men elles er det berre å ta på ei varm jakke. Denne våren har det vore regn mesta kvar dag, og sommaren teiknar til å bli like eins.

I dag regna det, men så letta det, og eg var snar til å finne fram kost og målarspann for å måle bislaget på Gamlehuset. Det var tidvis sterk sol så eg tenkte at det kanskje var litt feil å måla. Eg vart ferdig med målarjobben og sette i gang med å koke risengrynsgraut. Såg fram til å sitje på terassen og nyte graut. Brått såg eg at det ausa ned med regn og vind. Det rann nedetter dei nymåla veggene.

Då vi vel hadde fått i oss grauten og gjort unna ei middagskvild, skein sola. Det vart inga matstund ute denne dagen.

Det dukkar opp eit minne frå då eg var barn. Heile familien med foreldre og fire born var på slåtteteigen og det var tid for mat. Mor hadde ordna med niste. Det var ein dag med regn, men vi sat godt inn til hesa vi heldt på med, kjende lukta av det rå graset. Men best hugsar eg smaken av kakeskiva. Trur aldri eg har smakt ei så god brødskive.

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.