Follabloggen

Velkommen til min blogg

Lausblad

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - torsdag 6. november , 2014

Om hausten dett blada. Dei fyk med vinden. I byen vassar ein i lauv, lauv av ulike slag. Når det er tørt, finst det maskiner som syg opp blada og fraktar dei vekk. Slik er det ikkje her på buplassen i avsidesbygda, her må vi rake lauvet og bruke trillebåra. Nei, eg treng ikkje rake blada frå plenen no om hausten, berre ved inngangen er det greitt å få vekk rotet. Eg kan vente til våren, så tek klipparen dei gamle bladlurvene. Det er likevel greitt å samle bladflaka og legge dei på komposthaugen.

Lausblad. Eg vert mint om alle permane med lausblad eg har handsama gjennom livet. Notatar i studietida, arkivert med tanke på repetisjon og seinare bruk. Gagnlause skriblerier, eigentleg. Fekk ikkje meir bruk for dei når eksamen var avlagd. Meir permar i yrkeslivet, av ymse slag. Nokre av den sorten der ein skifter ut blad når dei gamle vert revidert eller må skiftast ut. Blad måtte til sjølvom dataen gjorde seg meir og meir gjeldande. Lausblada har forfylgt meg heile det vaksne livet og inn i alderdommen. Lausblad både ute og inne.

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.