Follabloggen

Velkommen til min blogg

Den autistiske kvigekalven

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - fredag 17. oktober , 2014

Eg er ikkje psykolog, men har stilt ei diagnose på kalven som har beita her på garden sidan tidleg i haust. Han har tydelege teikn på autisme. Dei som eig kvigekalven veit ikkje si arme råd. Dei får ikkje tak i han. Om dagen gøymer han seg i skogen, men av og til dukkar han opp på dei snaugnaga markane. I beitesesongen ville han ikkje vere i inngjerdinga saman med dei andre kvigekalvane, men hoppa over elektriskgjerdet.

No er det snart november og han skulle ha vore i hus. I staden beiter han i lag med hjorten. Kjem han nær huset her, står han berre og ser. Han gjev ikkje lyd frå seg.

Den stakkars kalven veit ikkje at han truleg vert skoten. Han heiter ikkje noko, har berre eit nummer. Eit ettermæle vil han få. Det var den kvite kalven som likte seg best utanfor heimegarden og utanfor alle gjerder. Han brydde seg ikkje om artsfrendane sine. Ein asosial kvigekalv.

 

 

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.