Follabloggen

Velkommen til min blogg

Sjukleg sjekking

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - tirsdag 26. august , 2014

Eg vil seie litt om sjekking. Det kan ligge innhald av ymse kvalitet i sjekking. Mange driv og sjekkar damer eller vise versa. Sjølv driv eg med versjekk. Sjekkar yr.no utover heile dagen. Kva er vitsen med det? Eg ser no kva ver det er! Vermeldinga på radioen om morgonen skulle vel halde? Likevel gjer eg det. Trur det må vere ei slags sjukleg sjekking. Meiningslaust. Må også inn på ymse aviser på nettet for å sjå siste nytt. Får endåtil varsling på telefonen når noko har hendt ute i verda. Kva skal eg med alle opplysningar om kva som skjer. Kanskje eg burde få meg time hos ein psykolog og spørje han kvifor eg må sjekke heile tida, ver og nyheiter. Kan det verkeleg vere slik at eg har det keisamt?

Jau, eg bur litt avsides til. Bur liksom litt på sida av der det skjer. Difor er det ikkje dumt å ta ein tur til Bergen no og då, eller til Oslo, og no sist til det vi kallar  byen. Eg sjekkar kanskje eitt og anna når eg utafor stovedøra.

 

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.