Follabloggen

Velkommen til min blogg

Den gamle kyrkjedøra

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - torsdag 6. juni , 2013

006 (2)

 

 

I våpenhuset i Hornindal kyrkje står ei gammal dør. Ho var inngangsdør i den førre kyrkja i soknet bygd på 1600-talet som vart riven og seld då det vart reist ny kyrkje i 1856. Den gamle kyrkja vart brukt til byggematerial på ein gard i nærleiken av Eid. Kyrkjedøra vart dør i eit stabbur. I dag er det einaste minnet om den gamle kyrkja. Truleg har det vore minst to tidlegare kyrkjer i Hornindal. Den første truleg på 1000-talet.

Kyrkjedøra kan vere tema for ei lita preike. Døra var låg og dei fleste måtte bøye seg for å stige inn. Berre borna kunne gå rett inn utan å bøye nakke og overkropp. Handtaket er ein ring. Ved sida av handtaket er det eit hol i døra. Han som står ved døra skygger for dette holet. Holet hadde ein funksjon. Kom det ein fredlaus til kyrkja, kunne han gripe med fingrane inn i holet. Då kunne ingen skade han.

 For meg vart det særleg talande at mange av mine forfedrar har gått inn og ut gjennom denne døra.

Ola Haraldsson Grodås tok over gard på Kalvatn på 1750- talet. Namnet mitt kom over Kviven då, for sonen hans heitte sjølvsagt det same som eg.

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.