Follabloggen

Velkommen til min blogg

Jordbær

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - søndag 26. mai , 2013

Det har vore eit mas i fleire år. Skal vi ikkje ha jordbæråker igjen? Eg har hatt sterke innvendingar. Beste argumentet har vore hjorten. Skal ein dyrke noke, må det vere eit høgt gjerde rundt.

Det vart ein liten åker med eit gjerde rundt. I dag lurer eg på om eg skulle ha kjøpt fleire plantar. Såg ein ny åker der dei nye plantane stod mykje tettare. Klart det, fleire planter meir bær, men er det ikkje like viktig at dei nye plantene får god plass til å utvikle seg?

Kva var det som fekk meg til å arbeide i to –tre dagar med denne åkerlappen? Trur eg no at det vil løne seg å dyrke eigne bær? Neppe. Det vert vel heller ikkje den store avlinga. Greier eg å halde hjorten unna, er det andre fårar som lurer, over og kanskje under jorda, fuglar eller skumle kryp.

 Kanskje eg tenkjer at det vert kjekt for barneborna å gå i åkeren og sjå etter bær. No går eg til åkeren og ser kvar dag. Kva eg ser etter?  Veit det ikkje heilt sikkert. Om nokre dagar skal vi ein tur til Bergen. Eg vert ikkje heilt utan attelit. Kva om storbukken hoppar inn, trakkar sund plastduken og snappar til seg alle plantane. Når han så skal ut av innhegninga, riv han med seg gjerdet og alt blir ei einaste vase.

 Tankane om dette vesle prosjektet vert etterkvart ein liten tale om det å setje i gang med noko, ta sine førehandsreglar, og skaffe seg nye bekymringar. Eg hugsar også heile tida den gongen eg dyrka fram slike fine gulrøter. Ein kveld slo det meg at eg kanskje skulle hauste desse rotfruktene. Dagen etter var det berre hol i jorda etter dei. Då var gråten nær.

 Det er ikkje bra når negative røynsler får oss til å bli defensive. I desse dagar må eg tenkje spesielt på dei som har fått hus og heim rasert av flaum. Livet må gå vidare, hus må byggjast opp att.

 No vonar eg på ein god sommar med søte jordbær.

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.