Follabloggen

Velkommen til min blogg

Ei slysne

Kategori: Ukategorisert | 1 kommentar » - fredag 25. mars , 2011

Ei slysne er eit uhell der det er ein gjerningsperson som truleg i dei fleste tilfelle kan lastast. Eg har gjort mange slysner, og den eg gjorde i dag vert nok ikkje den siste.

I dag har  det vore tette snøbyger og vind frå vest. Tenkte  at det kunne vere greitt å få undan snøen på gardsplassen og den vegen som svingar ned om huset til kjellarinngangen har ikkje vore rydda i vinter.

Det eg ikkje tenkte over var at det låg ein straumkabel mellom den vesle hytta og vedhuset. Brått var det noko som skramla og skurla framme i snøfresaren. Kva var det for slag? Lause leidningsendar og snar rundt akslingen! Jau, no hadde snøryddaren gjort det godt. Ei redige slysne! Snøfresaren hadde nok først drege ut støpselet før han begynte å tygge kabel. Inga sikring hadde gått.

Ja, ja dei har fleire kablar på butikken, men harmeleg lell. Nei, ein kan ikkje plitte seg!

 

1 kommentar »

  1. Idunn Said,

    mars 25, 2011 @ 19:21

    Du har alltid noko å skrive om…:D

RSS feed for comments on this post · TrackBack URI

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.