Follabloggen

Velkommen til min blogg

Null hol?

Kategori: Ukategorisert | 2 kommentarer » - onsdag 23. mars , 2011

Anten finn tannlegane mange hol eller så finn dei ikkje hol, sjølv om der er hol! Det kan også vere tilfeldig kvar tannlegen borar, der det er hol, eller der det ikkje er hol! Dette var ei av dei store innanlandske mediasakene i dag. Kva skal ein tru?

Eg er heilt roleg for eg veit at kvar gong eg set meg i stolen hos tannlegen, så finn han hol, stort eller lite, eitt eller fleire. Av og til er han litt i tvil om han kan vente med boren, men før eller seinare vert tanna bora. Så borar han i det vesle som er igjen av tannbein og emalje. Han borar vekk der det  har vore bora før og fylt i tanna. Av og til må tanna slipast ned og det må rotfylling til. Stort sett borar han utan at eg får bedøving. Eg skrik ikkje, men eg tviheld meg i stolen og prøver å slappe av samstundes.

Det har hendt eg har fått bedøving, men det er i grunnen best å sleppe for det vert berre verre etterpå. Eg har ei lang, lang liste over timar  heilt frå mitt første møte med skuletannlegen. Då drog han sju rotne stubbar ut av munnen min. Hugsar at eg måtte låne ein divan før alt var overstått.

Det var ikkje lenge før carries invaderte munnhola igjen og gjekk laus på dei nye tennene . Mjølketennene var no avløyste av kaffitennene som var større og hadde kraftigare røter, men elendet tek aldri slutt. Det vart mykje amalgam etter kvart. Eg veit ikkje kor mykje skade eg har teke av det. No har plasten teke over, gull og akryll.

Eg går til tannlegen to gonger i året. Eg var der sist fredag. Då vart han ikkje ferdig, men sette meg opp på ein ny time!

Det hadde vore artig å vite kor mykje pengar eg har brukt på tannebissane mine. Trur at eg hadde hatt den flottaste sportsbilen om alt hadde vorte lagt saman. Eg tenkjer heller på alternativet: Gebiss oppe og nede.

2 Comments »

  1. Idunn Said,

    mars 23, 2011 @ 21:28

    Eg sverger til tanntråd og fluor…

  2. asmund myhrvold Said,

    mars 24, 2011 @ 14:24

    En solskinnshistorie når det gjelder Tannlegepriser. Jeg måtte trekke en jeksel sist sommer mens jeg bodde i sommerhuset på landet. På grunn av faren for infeksjon måtte jeg først ta røntgenbilde, deretter ta penisilin noen dager før trekking, og siden noen dager etter etterpå. Det ble altså to konsultasjoner med røntgen, antibiotika og trekking, og prisen var kr.545,- hvorav de kr.45,- ble gitt i rabatt. I Oslo kan jeg tenke meg at prisen ville blitt det 3-4-dobbelte.

RSS feed for comments on this post · TrackBack URI

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.