Det rasar
Når folk er forarga og gjev uttrykk for det, skriv avisene at dei rasar. I desse dagar er det i fjella det rasar. I går var det alvorleg kor det braka då Midtskreda og Bjørnaskreda tok laus. Seinare på kvelden var det store steinar som tok laust i Hjartåberget. På si ville ferd nedover tok dei med seg autovernet i femti meters lengde. Vegen såg nesten uskadd ut, men fylkesveg 651 er stengd mellombels. Godt at dei snart tek til å bore seg inn i fjellet til den 3,5 km lange tunnelen frå Vadstein til Hjartåbrua.
Inntil vidare er vi då avhengige av at dei ikkje stengjer Aldalen eller Geislida. I det siste tilfellet må ein også ta ferje over Voldsfjorden. I natt var det stengt mellom Bjørke og Viddal og Kalvatn- Osdal på grunn av rasfare.
Slik er det å bu i fjordbygda med bratte fjell rundt seg. Høyrer på radio at eit hus vart teke av ras i Balestrand og at eit ektepar er sakna. Rasulukkehistoria får stadig nye kapittel.
Helena Said,
mars 22, 2011 @ 20:41
Hei morfar!
Dumt:
Dumt at raset tok med seg huset og at ekteparet er blitt savnet.:(
Bra:
Fin blogg.:)
Hilsen HELENA
Harald Petter Said,
mars 22, 2011 @ 22:41
Takk, Helena! Likar du at det er bilde til bloggen? Eg er litt stolt over at eg får til å legge inn bilder. Så spørs det om eg finn noko som passar kvar gong:-)