Follabloggen

Velkommen til min blogg

Bjørnejakt

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - tirsdag 22. mars , 2011

Bjørnen er eit stort – og kan også vere eit farleg dyr. Før 1900 var det ikkje uvanleg med bjørn i skogane og oppe i fjelldalane her på Sunnmøre. Eg har høyrt mange bjørnehistorier. Det var alltid nokon som var særleg modig og skulle ut på bjørnejakt, anten åleine eller saman med nokon.

Eg har fått fortalt ei kort historie om ei bjørnejakt som gjekk føre seg i den bygda eg vaks opp i, Kalvatn, ein utkant i Volda kommune, ei bygd som grensar til Nordfjord.  Når eg tenkjer på soga, så minner det om ei segn. Ei segn er stundom spunnen om noko som vart sagt av einkvan. Han som er hovudpersonen, skal også vere ein av  mine forfedre.

Karane i bygda skulle på bjørnejakt og grunnen til det var nok at det var ein slagbjørn i området, ein som hadde forsynt seg av buskapen, og no måtte folk prøve å ta denne bamsen.

Han Ola vart ikkje med karane då dei tok jag etter bjørnen, han var nok for gammal. Etter at karane hadde gått, luska han seg opp i furuskogen og sette seg på ei tuve eller ein stuv. Han hadde teke med den gamle munnladningsbørsa.  Brått kom bjørnen gjennom skogholtet. Bamsen reiste seg på to eit lite stykke framfor Ola, som no hadde reist seg opp og retta børsepipa mot bjørnen med desse orda: «Stå der du, farr!» Så small det og bjørnen stupte.

Det gjekk nok ikkje lenge før det kom andre til staden. I dag tenkjer eg  at vel kan ein vere gammal, eller ein kan ha eit lyte som gjer at andre ikkje reknar med at ein kan få til noko særleg, men likevel kan ein få gjort eitkvart som det kan gå gjetord om.

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.