Vårjamdøger
Det er noko vonfullt i det, det er ei varsling av vår. Dag og natt er like lange og i morgon er dagen lengre enn den natta ssom følgjer på. I dag er det også litt regn i lufta. Skal vi våge å kalle det vårregn? Tilbakeslag kjem det, snøfiller og bitande sno, men vona om sommar lever.
«Frampå vetteren stundom han tenkte: Gjev eg var i eit varmare land,
men når vårsol i bakkane blenkte , fekk han hug til si heimlege strand.
Og når liene grønkast som hagarog det lavar av blomar på strå
og når netter er ljose som dagar, kan han ingen stad venare sjå.»
Her i Sundalen har det ikkje vakse hestehov før dei dukka opp i vegkanten ved Bjørkahaugen for få år sidan. Snart vil eg finne dei i dei skitne vegkantane. Kvitveisa trivst ikkje i denne dalen, har ikkje sett ei, men du skal ikkje fare langt utanom dalen, før dei kryr, men enno ikkje.
No har ugla meldt seg, og eg les i avisa at tjelden er komen. Så alt er normalt etter årstida,
asmund myhrvold Said,
mars 20, 2011 @ 21:13
Jeg oppholder meg for tiden i «eit varmare land.» Trodde jeg. Men det stemmer ikke helt. Her i San Pedro i Spania har vi hatt et par varme dager – ihvertfall i sola, men neste uke blir det bare skittvær med regn og rundt 12 grader ifølge værvarslene. Men det er ihvertfall ikke glatte fortau her.Vi besøker sønn og svigerdatter, og de har brunost i kjøleskaket!