Follabloggen

Velkommen til min blogg

Månetankar

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - lørdag 19. mars , 2011

Det er fullmåne i dag. Ein ekstra fullmåne, king size om du vil, Månen som går i ei elliptisk bane i høve til jorda er no nesten så nær jorda som han kan bli. Då får vi vone på klarver i kveld så kanskje vi ser noko vi aldri har sett før, på månen.

Eg kjenner til at det knyter seg mange meiningar om kva månen har å seie for  ver og daglegliv. At månen har noko å seie for flod og fjøre, er vel allment akseptert. Det skal visst bli ekstra stor flod i samband med at månen er så nær jorda.

Før meinte folk at ein ikkje måtte slakte gris på minkande måne for då vart flesket udrygt. Skulle ein barbere seg, ville det bli vanskeleg får å få skjegget av på fjørande sjø osv. Enno er det mange som legg vekt på kvar nymånen tenner om kvelden eller natta. Skjer det i nordvest, vert det ruskever neste månaden. For meg er det eitt fett kvar han tenner, eg trur ikkje så mykje på desse gamle merka.

Eg vil heller sitere eit dikt av Olav H. Hauge:

 

I dag såg eg

tvo månar

ein ny

og ein gamal

Eg har stor tru på den nymånen

Men det er vel den gamle.

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.