Follabloggen

Velkommen til min blogg

Brunosten er redda

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - fredag 18. mars , 2011

Dette var gladmeldinga   på lokalradioen her  i gårmorgon. No visste ikkje eg at dette særnorske skivepålegget var i fare og, det hadde det sjølvsagt aldri vore. Det som hadde vore i fare var brunostproduksjonen ved Ørstameieriet. Godt at ikkje Ørsta misser endå fleire arbeidsplassar i desse tider.

Brunosten er fast på frukostbordet her i  huset og gjerne også til andre brødmåltid  kvar dag. Det ville vere ille viss dette gode pålegget ikkje skulle finnast meir. Det seiest at det er brunosten dei fleste nordmenn saknar når dei er utanlands for kortare eller lengre tid. Det er ikkje mange dagane sidan eg svara på ei undersøking på TNS Gallup om ulike slag ostar. Der fekk i allfall eg fortalt at det er Gudbrandsdalsosten  eg likar best av brunostsortane.

Kona og eg har i alle år vi har hatt tyske turistar,  freista  med brunost, gjerne med sveler. Slett ikkje alle har tykt at det er så godt, men det finst dei som har vorte brunostelskarar. Dei seier då ikkje lenger at brunosten smakar komisch eller er interessant, men at han er lekker.

 

 

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.