Follabloggen

Velkommen til min blogg

Gløsen

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - torsdag 17. mars , 2011

Gløsen er eit utkikspunkt frå Sundalsåsen mot Austefjorden. Her er det bratt ned til Holsvika og fjorden.

Å gløse er eit synonym til å sjå. Gløser ein ser ein med godt opne auge, nesten som ei stiring. Ein såg gjerne etter noko her.

Til venste ser vi Løfolla og til høgre på andre sida av fjorden, Aurstad.

For meir enn femti år sidan var dette staden der Åse-Knut stod og ropte til notlaget nede på fjorden når                             det vart kasta etter sild. Han hadde eit godt mål og ropte slik at dei kunne høyre det.

Det var før mobiltelefonen si tid! Vi likar å ta med folk opp på Åsen og syne dei utsikta. Frå Åsen kan ein sjå fram i Langvassbygda og ned i Sundalen.

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.