Follabloggen

Velkommen til min blogg

Minne frå framhaldsskulen IV

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - tirsdag 15. mars , 2011

Kva gjorde læraren når han var borte frå klasserommet? Sat han og prata og drakk kaffi? Det er sikkert nokon som veit meir om det enn eg, men eg har mine tankar. Det var ikkje telefon på skulen den tida. Derimot reknar eg med at det var telefon der han var, og at han ringde til nokon. Då trur eg han ringde til Marie, den unge kona . Henne var han mykje oppteken av og han var redd for at noko skulle hende henne. Sjølv var han godt opp i femtiåra, men ho var langt yngre. Han hadde hatt henne til elev, i Lofoten trur eg det var.

Han var ein kunstnar, særleg innanfor musikken og hadde eige musikkforlag. Der gav han ut noteblad t.d. Elles var han ein fanatisk nynorskmann. Våren -59 skipa ham mållag i fjorden og det vart laga til ein musikkfest som vart halden på ungdomsshuset. Dit hadde han også invitert Austefjordens songfugl som han ovundra stort. Han hadde nok vorte kjend med hennar givnader då han var framhaldsskulelærar i Barstadvik, i nærleiken av der ho budde på Festøya. Eg kan hugse at det var ein lang fest. Dei var ei utlodding på denne festen og hovudgevinsten var eit elektrisk orgel. Han var seljar av slike orgel og han hadde sjølv eitt på klasserommet.

Då han reiste om våren, tok han med seg trekningslista har eg fått vite, og eg er usikker på om personen som vann orgelet, fekk det. Eg mistenkjer han ikkje for svindel, men det var noko med mannen som ikkje var heilt «forutsigbart».

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.