Mann over bord!

Far fortalde ofte om då han fall overbord frå ei selfangstskute i Kvitsjøen. Dei hadde fått særs mykje sel, og dekket på selskuta «Helga»var fullt av selskinn. Han hadde nett tørna ut, og det var i hundevakta, i halv fire tida om natta. Han gjekk i tresko og valde å gå på rekka attover istaden for å kravle over den sleipe dungen med selskinn. Rekka var brei nok, den, men han hadde ikkje tenkt over at ho var smurd med selfeitt. Brått skaut føtene under han og han hamna i den iskalde sjøen.

Det vart nokre ufysne minutt i sjøen, av fleire grunnar! Han ropte av all kraft, men ingen høyrde. Han hengde seg i ishuda på skutesida, men han kom seg sjølvsagt ikkje opp. Han prøvde seg fram mot baugen om det skulle vere råd å kome seg opp der, men nei, han måtte symje attende. Ein av treskorne låg og flaut, og han prøvde å banke med den. Ingen reaksjon. Han som hadde gått av vakta før far, hadde nok sovna .

Skipper Brandal sov langt borte frå guten, bak i båten. Han var nok like trøytt som resten av mannskapet, men no vakna han. Ropa til Per måtte gjennom skutesida, oljetankar, maskinrommet og ei mengd med skott og lugarar. Hadde han høyrt noko? Han bykste ut  av køya, fekk på seg litt klede og gjekk på dekk. Var det folk eller dyr han høyrde? Han kika utfor skutesida. Der ser han eit andlet med moreld i auga! Det for gjennom skipperen: -Ei tau! Kvar skulle han finne eit tau? Då kom det frå han i sjøen: – Å, ta det med ro, skipper. Det stend no ikkje om livet heller.

Skipperen var stor og svær og han greidde etterkvart å få guten opp av sjøen og sendt han til lugaren. Skipperen sjølv for til byssa og fekk kokt vatn og laga krutsterk kaffi. Frå medisinskapet fann han fram dram. Brandal vart nok ikkje mindre omtykt etter dette.

Denne hendinga stod det å lese om i Sunnmørsposten for mange år sidan, skrive av ein journalist som heitte Ole Røyseth Brende. Denne artikkelen skal eg skrive av og få sikra for komande slekter for det er ei mesterleg skildring av eit drama. Artikkelen har overskrifta «Skipperen med den sjette sansen».

 

 

3 kommentarer

  1. -og guten vart vaksen,og mannen hadde framleis roa i seg. Ein kjernekar og ein omtykt svigerfar! signa minnet!

  2. Takk for god historie. Våre fedre hadde det ikke så enkelt bestandig. Min far var skyssgutt bare 14 år gammel; han kjørte turister som kom med dampbåt på Randsfjorden og skulle videre oppover til Valdres, og det han kjørte med var hest og karjol. En natt på hjemturen sovnet han, og det hadde kanskje hesten også, for den gikk utfor veien og rullet ned en bratt skråning med både karjol og kusk. Hesten kom seg ikke på beina på grunn av selen, og far måtte skjære den løs.

    Han tjente 20 øre dagen som skyssgutt, og det var han ikke helt fornøyd med, så han sa opp jobben i håp om å finne noe bedre. Sjefen ville nødig slippe ham, og sa at hvis han ville fortsette et år til skulle han få en gammel frakk. Far slo til.

    Han karret seg fram som best han kunne, og på ett eller annet vis fikk han seg utdannelse og ble fastlønnet befal i militære. Dermed tilhørte han sammen med f.eks. læreren, landhandleren, dyrlegen og bøndene «overklassen» i bygda. Men det var i «de harde tredveåra».

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.