Tsunami

Vi lærte dette ordet for nokre år sidan. Det var ei fæl katastrofe som råka Sør-aust Asia. No er turen komen til Japan og tsunami er er eit japansk ord. Det er ofselge krefter som er i sving, først jordskjelv og så flodbølgje.

11. mars 2011 vil bli hugsa lenge av dei som vert råka. Enno veit vi ikkje omfanget, talet på døde vil stige i dagane framover. Det er også spenning i høve til eit kjernekraftverk som er råka av brann. Vert det ei kjernefysisk katastrofe i tillegg?

Menneska kan på ulikt vis ta visse åtgjerder for å avgrense skadar i samband med naturkatastrofar, men med slike krefter som  vi har sett på TV-bileta, er det lite vi har å stille opp med.

Eg kjenner at det som har hendt i dag, går inn på meg. Eg kjenner ingen som bur i Japan. Eg veit om ein ÅFK-spelar som har vorte fotballproff der borte og no fortel om kva som skjer. For nokre år sidan var sonen vår student i Japan, og han kunne fortelje at der var ofte jordskjelv. Folk er budde på at store skjelv kan kome, og skjelvet som no kom var visst ikkje uventa.

Eg tenkjer at det kan vere mange slags skjelv vi kan verte utsette for, men vi kan ikkje dagstøtt gå og vere redde for at fæle ting kan råke.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.