Vårteikn III

No ventar eg på fonnene. Oppi Middagshornet er det snart klart for snøskred og litt ramling. Der er rikeleg med snø og det har vore påfyll til dags dato. Eg veit at underlaget er hardt, bakken stivfrosen med mykje ishelle. Det såg vi no før den siste snørida. Markane er dekt av is.

Marimesse, 25. mars, er enno nokre dagar undan. Til denne dagen knyter det seg mange verteikn etter gammalt.  Det har vorte sagt at går Midtskreda tidleg og moldar seg, vert det tidleg vår. Eit skred kan ikkje molde seg viss bakken er utan tele. Er det lite eller inkje tele i bakken, er det forståeleg at det kan bli tidleg vår. Så heiter det at: Går Midtskreda før Marimess, vert det sein vår. Eg ser opp i Midtskreda og dei andre skredplassane når eg er ute på tunet. Garden her er trygg for skred eller snøfonner. Dalsøkk vil fange opp skreda lenge før dei når innmarka.

Skredfaren er stor vert det sagt. No snør det igjen, men i morgon skal det visst bli sol.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.