Minne frå framhaldsskulen I

Eg tenkjer ofte på ein lærar som gjorde eit sterkt inntrykk på meg på fleire måtar. Han var av desse som vart berre eitt år på kvar stad. No var ikkje det så rart sidan det var framhaldsskulen det gjaldt, og framhaldsskulen var eit årskurs  etter folkeskulen der vi hadde både teori og praksis. Det var nok visse grunnar til at denne læraren måtte flytte på seg. Eg trur eg kunne ha skrive ei heil bok om det året eg gjekk på framhaldsskulen, og eg trur eg kjem til å minnast fleire hendingar i seinare bloggar. Mannen sette merke etter seg også i bygda og vart eit kjært samtale-emne i fleire år, og endå er det folk som hugsar han og gjerne ler godt når dei fortel.

Framhaldsskulen var på loftet i Gamleskulen på Fyrde i Austefjorden. Rommet er der framleis , men har ikkje vore i bruk på mange år. Vi som gjekk saman dette året, hadde eit kombinert framhaldsskule- og konfirmantjubileum for fem-seks år sidan. No vil eg likevel heilt tilbake til skuleåret 1958- 59.

Det var ein  kald vinterdag, og det hadde ikkje vorte fyrt opp i ovnen på rommet. Læraren skulle prøve å få fyr på svarten og brukte brennbar væske. Dette resulterte i ein kraftig eksplosjon som fekk ovnsdøra til å fyke opp og læraren og alle elevane til å skvette noko alvorleg. Ein av elevane som sat ved motsett vegg ved glaset, byrja å le høgt, men det skulle han ikkje ha gjort for då vart læraren kvit av sinne og kom med trugsmål om å kaste eleven ut av vindauga. Det ville ha vorte eit alvorleg fall, for det var mange meter ned på bakken.

Situasjonen roa seg og læraren gjorde ikkje alvor av å kaste guten  ut av glaset. I dag tenkjer eg at den gongen var HMS-arbeidet lite utvikla, og det kunne kanskje denne læraren vere glad for med tanke på etterspel.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.