Minne frå framhaldsskulen II

På framhaldsskulen var det eit praktisk kurs med tresløyd for gutane og saum for jentene. Eg veit ikkje kva jentene fekk av kunnskap og nye ferdigheiter på sitt kurs, men vi gutane fekk sanneleg bryne oss.

Sløydkurset var i kjellaren i Posten. Eigaren av huset kan eg ikkje hugse dukka opp når vi heldt til der desse vekene  kurset vara, men oppe heldt mora til Johannes til, ho Post-Bolla. Vi heldt altså til i kjellaren med kvar sin høvlebenk. Der var det også ei bandsag og den var ikkje vi gamle nok til å handtere. Vi måtte sjølvsagt høvle, men heilt inne i fjordbotnen, ein liten km undan, var det ein møbelfabikk. Læraren vår hadde vorte «godvenn» med han Åslid-Per, fabrikkeigaren, og hadde såleis fått tilgang til høvlemaskin eller fres. Vi dreiv eigentleg møbelproduksjon,  der ute i Postkjellaren. Det var ikkje måte på kva vi produserte desse fem seks vekene. Det vart visstnok så gale at vi brukte mykje meir på trematerialar enn det som var forventa ut frå skulebudsjettet. Eg laga eit salongbord i mahogny, ei ukulele og eit kråskåp som eg etterkvart skulle rosemåle. Det med rosemåling prøver eg å gløyme. I dag har eg måla over skåpet som no er interiør i Gamlehuset. Musikkinstrumentet har eg framleis, men har aldri spela på det. Salongbordet er longe borte. Det var forresten ganske skeivt.

Det måtte sjølvsagt hende noko dramatisk i Postkjellaren. Ein dag då Bjørn S. var oppe hos Post-Bolla og drakk kaffi, såg ein av elevane seg sitt snitt til å bruke bandsaga. Det skulle han ikkje ha gjort for der vart det eit stort innhogg mellom den eine tommeltotten og peikefingeren. Han måtte  til legen i Volda og få handa sydd, den uheldige snikkaren. Det kan vere eg mishugsa meg og at læraren var inne på fabrikken hos Per då det hende. Til verre var det!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.