Minne frå framhaldsskulen III

Framhaldsskulerommet hadde utsikt mot kyrkja og  Åslidfabikken. Ein kunne sjå kontorvindauga i andre etasje. Der brukte den grå hatten til læraren ligge. Då visste vi elevane at langfriminuttet  enno ikkje var slutt. Kva vi gjorde på i fristundene? Det har eg faktisk gløymt det meste av. Hugsar at eg kunne teikne på tavla. Ein gong hadde eg laga ein karikatur av det kjøtfulle andletet til læraren. Han vart ikkje sint, men fann fram eit smørpapir og teikna av karikaturen, kva han no skulle med den.

Ein dag låg ikkje hatten til Bjørn S. i vindauga på fabrikken, men han var ikkje attkomen. Hadde det hendt noko? Ja, det hadde skjedd ei ulukke. I rommet under der vi heldt til, var det klasserom for storskulen. Der stod det eit trøorgel framme på ei lav scene. Læraren var svært musikalsk og flink til å spele. Der hadde han site og drøymt seg vekk med orgelspel. Han hadde nok hatt stolen vel nær scenekanten for brått hadde stolen og den litt velfødde mannen ramla bakover og slått hovudet i ein pultkant. Det vart eit stort kutt i hovudet. I staden for å kravle seg opp trappa til klasserommet hadde han gått opp til garden ovanfor skulen for å få hjelp. På ein eller annan måte, fekk vi vite om hendinga. Eg gjekk opp til garden der eg var kjend  sidan eg hadde ei tante som var gift der. Der sat Bjørn S. på ein stol, ganske bleik og medteken etter å ha fått litt «førstehjelp» med ei bandasje på hovudet. Han venta nok på at drosja skulle kome og hente han til legen.

Eg hugsar han sa noko slikt som at:»Eg fekk sorg, men elevane mine glede». Han hadde ikkje vanskar med sjølvinnsikta der og då. Elles bad han meg om å ta over undervisninga medan han var borte. Eg trur ikkje det vart noko undervisning med meg då. Det vart seinare.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.