House
Kvifor ser eg på House? Ja,kvifor ser folk på denne såpeserien. Eller er det feil å kalle det såpe?
Eg er i utgangspunktet utruleg fascinert av dei medisinske kunnskapane til den eller dei som står bakserien. Sidan eg ikkje er lege har eg små føresetnader for å forstå mykje av det medisinske.
Det er ofte vanskeleg å stille ei diagnose for rett handsaming. I kvar episode er det minst eitt kritisk tilfelle som ofte tek til med eit akutt sjukdomsåtak.
Teamet til House kjem med mange framlegg til kva det kan vere som feilar pasienten, og så vert det sett i gang med tiltak. Ofte er det feil medisin noko som fører til livstrugande anfall hos pasienten.
Det som eg likevel gjer at eg undrast på kvifor eg ser på denne serien, er framstillinga av dei sentrale personane i serien. Ingen av dei har det eg vil kalle eit normalt familieliv, og slett ikkje eit harmonisk liv. House er direkte ufordrageleg og oppfører seg som ein menneskefindtleg særling. Han tek kjem stendig med fornærmande og frekke kommentarar.
Det som reddar House, er evna hans til å finne fram til ei rett diagnose, og det gjere han midt i alle innfalla og spydige og lettferdige kommentarane han slenger rundt seg.
Eg har lese Hamsun og det slår meg at det er ein del som minner om Hamsun, særleg når ein tenkjer på dei mislukka mellommenneskelege relasjonane.
Det var svært spesielt å følgje House då hanvar innlagd på eit psykiatrisk sjukehus. No er han attende på sjukehuset under leiing av henne han elskar, men ikkje kan få. Fekk han henne ville nok serien gå i stå. Dei indre spenningane mellom personane er med på å halde serien i gang.
Runa Said,
februar 4, 2011 @ 17:11
Jeg vet ikke hvem eller hva House er og har heller ikke lest Hamsun, for han interesserer meg ikke. Vi har sikkert lest noen stykker om ham da jeg gikk på grunnskolen og jeg har sikkert sett dramatisering av noe av han har skrevet på TV, for det flimrer vage minner foran meg, men jeg husker ingenting annet enn en hånd som stakk opp fra muren og at fingeren ble avskåret for å få tak i ringen. Ellers mener jeg å ha hørt at Hamsuns mor brukte å trøste ham, når han klaget, med at «Slapp av, snart blir det mye verre», eller noe sånt. Veldig oppløftende. – Trasig med «Hitler-stempelet» han fikk.