Follabloggen

Velkommen til min blogg

Venting

Kategori: Ukategorisert | 2 kommentarer » - torsdag 3. februar , 2011

Kva gjer du når du ventar? Sit du i ein stol og ser ut i lufta, eller går du rastlaus rundt på golvet? Dei fleste finn vel på å gjere eitkvart i ei ventetid, gjere noko som er litt meining i så tankane kan bli sysselsette med noko anna enn venting. Sitje og sjå på klokka er lite fruktbart.

Så kjem det an på kva du ventar på. Det kan vere så mangt det, frå det trivielle til  det meir alvorlege eller kanskje gledelege. Du ventar kanskje på å kome inn til tannlegen eller fastlegen? Det kan no ha sine sider!

Kanskje du ventar barn, eller du ventar at nokon skal føde. Den som har vore ute for slik venting, veit kva det inneber.

Veldig mykje tid går med til venting. Då eg var i militæret, var det mykje venting. Tida gjekk grueleg seint. Ja, ho gjer det tida når ein ventar. Når ein ikkje ventar, går tida altfor fort. Då veit ein ikkje av før det er nokon som seier: – Har du ikkje tenkt å legge deg i dag?

Det er nokon som går heile veka og ventar på at det skal bli helg,  skulefri eller fri frå arbeidet. Slike menneske tykkjer eg synd i.  Livet er for verdfullt til at vi skal gå rundt og vente på noko,  eller heile tida lengte etter å kome bort frå augneblinken. Det er i augneblinken vi lever og då må vi ta oss til med noko.

Så eg prøver å sysselsetje meg med noko meiningsfullt medan eg vantar på røyrleggaren.

2 Comments »

  1. Runa Said,

    februar 3, 2011 @ 10:03

    I Hardangerfjorden kommer de jammen til å trenge langbeinte rørleggere?

  2. Idunn Said,

    februar 3, 2011 @ 20:43

    Den likte eg veldig godt!

RSS feed for comments on this post · TrackBack URI

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.