Follabloggen

Velkommen til min blogg

Framfot

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - torsdag 3. februar , 2011

Ein seljar er ein pågåande person som set foten mellom karmen og døra når han vil selje noko til husstanden, t.d. ein støvsugar. Vi kan likevel ikkje kalle denne seljaren for ein framfot sjølvom han har ein fot som stikk fram.

Ein framfot er ein person som vil stikke seg fram, som vil ha rom, som vil ha makt og innverknad. Uttrykket er sjølvsagt laga og brukt av slike som ikkje likar at nokon vågar å stikke nasen eller foten fram. Det har funnest framfotingar i alle tider, også i steinalderen.  Kven som er dagens framfotingar overlet eg til lesaren å finne ut. Poenget er likevel at det er nokon som set negativ merkelapp på den som vågar å stikke seg fram.

Fot ja, det finst noko om bakfot også, eller rettare bakføter. Her vert det også sagt bak ryggen på einkvan:- Det er no berre kjeften og bakføtene på han!

Til ettertanke: Kvifor snakkar vi nedsetjande om dei som vågar å stå fram eller vågar å uttale seg? På bygda var det noko som heitte bygdedyret. Kanskje det fanst og finst liknande dyr i byen også? Jantelova er ei god analyse av saka.

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.