Follabloggen

Velkommen til min blogg

Kyndelsmess og litt til

Kategori: Ukategorisert | 3 kommentarer » - onsdag 2. februar , 2011

Det er vel med meg som dei fleste andre andre, det er ikkje alle dagar skrivelysta er like sterk. Eg ser at det er kyndelsmess i dag. Kva eg ser detpå,  kan vere det same. Dette er ein dag du kan finne mykje om viss du leitar i leksikon og på internett.

Det er også mange verteikn knytt til dagen, sjølvsagt. Heilt fram til 1770 var dagen ein heilagdag. Kyndel er det same som vokslys og i den katolske kyrkja vart (og vert?) vokslysa helga denne dagen. Det er 40 dagar sidan julaftan og denne dagen vart Jesus framstilt i tempelet. Så var det denne Knuten då, han som jaga jula ut. Ja, no er jula definitivt ute sjølvom det står lysande juletre i enkelte tun endå. Trur forresten det må vere denne Knuten som herjar nede i Queensland. Det er fæle greier og slett ikkje å spøke med, vindkast opp i 300 km i timen. Vert mint om nyttårsorkanen i 92 kvar gong eg les om syklonar, tornadoar og kva dei no heiter alle desse øydeleggande vindane som får namn kvar gong dei dukkar opp. Heldigvis har dei ikkje så lang levetid, men det dukkar opp nye.

Eg har merka at dagane er lengre, og snart tittar sola over fjellet i søraust, viss skyene lettar då. Trur ikkje eg vil lese om kva ver vi får når det er mildver kyndelsmess. Har ein mistanke om at eg berre vert i dårleg humør av det.

Til slutt i dag: Korleis visste folk at bjørnen snur seg i hiet kyndelsmess??

3 Comments »

  1. Runa Said,

    februar 2, 2011 @ 09:58

    Er knuten en storm?

  2. Harald Petter Said,

    februar 2, 2011 @ 10:15

    Tynnaknut er ein liten kvervelvind. Her er det snakk om heilt andre krefter. Fekk nett ei melding frå brordottera som bur i Queensland med mann og barn. Dei er heldigvis utanfor det verste stormområdet.

  3. Runa Said,

    februar 2, 2011 @ 10:26

    Åja, jeg visste ikke det. Min bror og min farfar har samme navn, og det samme hadde visst «alle», dvs mange forfedre på min farfars side. – Knute er jo også en knute :-) som kan løses. – Takk for oppklaringen. Godt at slektningene dine er i trygghet.

RSS feed for comments on this post · TrackBack URI

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.