Follabloggen

Velkommen til min blogg

Egypt

Kategori: Ukategorisert | 1 kommentar » - tirsdag 1. februar , 2011

Det er spennande tider, kanskje lagnadstunge. Heile verda vender auge til dette eldgamle kulturriket. Landet ved breidda av Nilen har alltid fascinert meg. Kva som skjer i dette landet har mykje å seie for arabarverda og for resten av verda.

Landet er no å sjå til i kaos, kanskje det kan kallast føderier. Det er folket som talar, eit trælka folk som vil ha fridom!

Har vi høyrt om trælka folk før i dette riket? Mange av dei som veks opp no, veit lite om det vesle folket som ved Moses reiste seg mot farao for å få fridomen og reise bort til sitt eige land.

Vi har nett høyrt om den vesle familien som måtte reise til dette landet for å berge livet, ein despot ville ta livet av barnet.

Egypt med pyramidene, dei  mektige gravmæla. Eg har aldri vore i landet. Kanskje vert det ein tur, viss det roar seg. Her er mykje å sjå. Eg innbiller meg at her er ei eiga atmosfære, ein dåm av historie, levd liv, gammal kultur.

Eg tenkjer på Ole Bull som stod på Kheopspyramiden og spelte fiolin, eg tenkjer på fantasten Peer Gynt på dårekista i Kairo. Det siste er forresten berre dikt sjølvsagt. Likevel det er ein del av mi historie. Egypt er ein del av mi og di histore viss vi har høyrt om landet og levd oss inn i hendingane der. Egypt er ein viktig del av menneskeætta si historie.

1 kommentar »

  1. Runa Said,

    februar 1, 2011 @ 09:26

    Ja, Egypt er vel som ei vugge? – De har jobbet så hardt at de har fått træler på hendene og trenger litt balsam, kanskje? Man kan bli så skattlagt at man føler seg helt balsamert, både her og der.

RSS feed for comments on this post · TrackBack URI

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.