Follabloggen

Velkommen til min blogg

Spillevatn

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - mandag 31. januar , 2011

Spillevatn er ikkje spillvatn. Spillevatn er silande, vedvarande regn.  I følgje yr.no er det det vi kan vente oss framover. Viss eg søkjer på google er det ingen som veit skilnaden, men nynorskordboka har med spillevatn som regn.

Spillvatn er forureinsa vatn. Det kjem m.a. frå hus. Det som kjem frå skyene kan vanlegvis drikkast, men det kan ikkje spillvatn.

Sidan eg er medeigar i eit småkraftverk, er eg over gjennomsnittet interessert i at det regnar. Snø i fjellet er bra, men regn er også bra. Vatn som går i rør er musikk for øyrene medan vatn som renn i bekker og elvar utan å produsere elektrisitet, er bortimot vekk-kasta!

Eg likar ikkje så godt uttrykket finever, derimot synest eg «godt og lagleg ver», som det heitte i kyrkjebøna før, er betre.

For mykje og for lite skjemmer allting ut, heiter det som kjent. Eg kan hugse eit år det regna kvar einaste dag i fleire månader, somme dagar berre litt, men nok til at det vart utriveleg. Motsetnaden er månader utan regn eller annan nedbør. Det kan også ha sine konsekvensar.

Spillevatn kan vere bra det!

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.