Follabloggen

Velkommen til min blogg

Turrnavar

Kategori: Ukategorisert | 4 kommentarer » - søndag 30. januar , 2011

I dag vandrar vi frå hendene til hovudet. Det er mange nedsetjande ord på dei som ikkje får det til reint mentalt eller evnemessig. Turrnavar er vel nesten gløymt, men det er eit ord som har vore brukt her i området. Viss ein elev ikkje fekk til noko i boklege fag på skulen var han ein turrnavar. Navar er ein handbor brukt for å lage hol, t.d. i eit rivehovud, hol for ein rivetind av tre.

Det er merkeleg korleis treet ofte dannar grunnlag for skildringa av ein person sin intellektuelle kapasitet. Treskalle, pappskalle, hovud fullt av sagflis etc.

Negative karakteristikkar er sjølvsagt laga av slike som kjenner seg overlegne desse som ikkje får det til. Eg kan tenkje meg at mange lærarar har sagt mykje som skildrar tilkortkomarar, helst i løynd sjølvsagt. Ein sa det slik: » Du får ikkje talg av ein trebukk!»

Så kan det som ein skjebnens ironi hende at turrnavaren sigrar over den skuleflinke. Ein turrnavar kan bli ein som slår seg opp og vert både velståande og kome høgt i ære.

I går skreiv eg om treneven. Kan ein person vere både treneve og turrnavar og likevel gjere suksess?

4 Comments »

  1. Runa Said,

    januar 30, 2011 @ 18:04

    Billy Joel er et eksempel på det. Han droppet ut av skolen, til sin mors store fortvilelse, men han skulle ikke på «Columbia» universitet, om det finnes, men til plateselskapet Columbia, om jeg husker rett. Han snakker visst om det i denne MTV-serien i fire deler. Her er en del.

    http://www.youtube.com/watch?v=jjx7A6bdH8Q&feature=related

  2. Runa Said,

    januar 30, 2011 @ 18:06

    Første del, mente jeg :-) Hvis gode karakterer er et bevis på at man er glup… Det finnes mange genier som kan telefonkatalogen baklengs og vet navnet på alle stjerner som finnes på himmelen, men de klarer ikke å knytte sine egne sko og vet ikke annet enn det. Papirer er ikke et fullgodt bevis.

  3. Harald Petter Said,

    januar 30, 2011 @ 20:12

    Takk for kjekke kommentarar. Til no har eg for det meste berre fått respons frå borna mine. Då trur ein gjerne at det ikkje er andre som les det eg skriv. Det du skriv om papir på kompetanse er eg heilt samd i.

  4. Runa Said,

    januar 30, 2011 @ 20:49

    Jo, jeg har lest de tre-fire siste innleggene dine. Det er ikke alltid jeg er helt sikker på hva du sikter til, men kloke ord er det, synes jeg (så lenge jeg skjønner hva du snakker om :-)) Godt å lese nynorsk igjen, jeg trenger oppfriskning.

RSS feed for comments on this post · TrackBack URI

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.