Follabloggen

Velkommen til min blogg

Treneve

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - lørdag 29. januar , 2011

Ordet i dag kunne gjerne vore fransk dersom ein legg trykket annleis enn på norsk. Det er sjølvsagt først leddet som skal ha trykket og skildrar ein person som ikkje får det til med hendene sine. Dei er så å seie ubrukelege til praktisk arbeid, men kan sjølvsagt brukast til å skufle i seg mat og hive i seg drikke.

Er du treneve så blir du framleis ein treneve, trur eg, du kan ikkje gjere noke med det, fødd slik altså. Det verste er at du er deg medviten at du er ein treneve, du har hatt altfor mange negative opplevingar av å mislukkast når du skal gjere noko med hendene dine. Du slår deg rett og slett til tols med at slik er det. Ingen skal greie å overtyde deg om at du kan greie å gjere eit enkelt snikkararbeid t.d.

Så du tek det att på andre område. Du er flink med hovudet, kan seie dei rette orda og kommuniserer  godt. Du er sjølvsagt ikkje eit mindreverdig menneske.

No trur eg ikkje det finst så mange reine trenevar, det er også ei av desse mytene.

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.