Follabloggen

Velkommen til min blogg

Rotekopp

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - torsdag 27. januar , 2011

Er du ein rotekopp? Då er du i godt, nei dårleg selskap. Har prøvd å finne ut kva ordet har sitt etymologiske opphav i. I følgje ordboka er kopp ein kopp, men eg trur heller det er kopf, altså tysk for hovud. Rotekopp og rotehovud er det same og ein vert rotekopp fordi ein er eit rotehovud. Ein manglar system i rotet sitt,  eller ein har berre rot i systemet sitt.

No er det heldigvis slik at dei fleste berre har raptusar av rotekoppen,  medan andre er ein konstant rotekopp. No får kvar enkelt gjere opp med seg kva han ho er. Eg har ikkje tenkt å fortelje kvifor eg stundom må kunne kallast ein rotekopp, eg likar betre å sjå kva rot andre steller i stand eller representerer.

Eg må likevel medgi at kvar  dag har eg ein liten kamp mot rotekoppen i meg. Det er ikkje bra at frukosten står på bordet heile føremiddagen, eller at ein «gløymer» å trekke opp når ein har vore på do.

Det er eitt rom som fortare vert rotete enn andre rom – datarommet, her eg no sit. Så er ein sjølvsagt ikkje åleine om rotet, men eg er nok ikkje den med høgast utvikla ordenssans her i huset.

Trur at eg har vorte flinkare med eitt og hitt, men det er også ein fare for at eg har vorte dårlegare på enkelte område også. Eg får stendig påminning om å pynte på frisyren. Er det ikkje nokon som seier noko, kan eg gå ein heil dag med håret strittande til alle kantar. Rotehaud!

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.