Follabloggen

Velkommen til min blogg

Trettandedagen

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - torsdag 6. januar , 2011

Det er trettande dag jul, Heilage tre kongars dag, eller julekveld i den ortodokse kyrkja.

Eg har ikkje teke den store konsekvensen av at det no er slutt på jula. Etter gammalt er det også noko so heiter tjuande dag jul, og for å trekke det endå lenger er det noko som heiter Kyndelsmess. Det siste er 2. februar. I min barndom var det då heilt slutt på jula: «Kyndelsmessknut jagar jula ut!»

Juletreet står i stova enno, men eg har sløkt juletreet som står ute. På grunn av mykje og hardfrosen snø, heng lysa på treet. Eg får ta det att. Elles har eg plukka vekk litt, men eg veit ikkje om kona har merka noko av det.

Jula heng i veggane enno, og minna frå jula er framleis ferske. Ein skal ikkje vere brutal når ein avsluttar julefeiringa, ein skal gjere det med varsemd. Julepynten skal lagrast til neste jul, vi skal sikre tradisjonen.

Eg fekk julegåver og den viktigaste var eit nytt fotoapparat som kona og eg fekk av borna. Vi tok veldig mange bilete, og dei fleste er nok av barneborna. No er det tid for å legge dei inn på pc-en og sjå nærare på resultatet.

I min barndom sa vi ofte til kvarande når januar var komen: «Det har ikkje vore jul i år». Det er nok rett det at jula 2010 er det berre restane att av, kakeboksane som enno ikkje er tomme.

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.