Julehelsingar

I år som i fjor: Seint ute! Det var ingen pakkar å sende, men så var det julebrev eller i det minste kort til dei ein fekk livsteikn frå i fjor på denne tida.

4. søndag i advent. Det må då vere deadline for å sende julehelsing til slekt og vener innanlands. Eg dryger det så lenge eg kan. Er det verkeleg så kvidesamt å skrive nokre ord om seg, sitt og sine. Ja, det er trege saker. Å sende julekort med god jul og godt nytt år, det gjr eg berre ikkje. Då tenkjer gjerne mottakaren: Er alt vel sidan det ikkje står meir, eller det vert oppfatta som eit pliktlaup. Ja, slik var det før, eg har sett mange julekort frå ei god tid tilbake der det berre stod dette. Ser at vi har ein bunke med julekort i skuffa, kort som ventar på pennen. Diverre er det mest kort med nissar som akar seg eller et graut på låven. Vel, det finst nok folk som synest det er artig, men eg sender ikkje kva som helst.

Det går også an å ta ein telefon og snakke ein halv time med kvar. Då bør ein ikkje vente til veslejulaftan. Eller kanskje ein kan skrive ein epost? Så spørst det om folk har tid å opne eposten sin no innunder jul. Då kan ein sende ein sms der det står: Du har mail! Har latskapen teke heilt overhand, tener det med ein sms også.

Facebook er tingen. Då når ein mange på kort tid og ein kan vente til julaftan om morgonen.  Det er ein hake ved det; Svært få av dei som skal ha ei julehelsing, er på Facebook. Kva fortel dette?

Nokre gonger har eg skrive julebrev(rundskriv) med bilete frå familiehendingar. Det kan vere kjekt, men i mange høve må ein skriv litt meir i margen. Nærleiken til mottakarane er ulik. Nokon vil kjenne seg snytte viss der ikkje r ei påskrift.

Det er ein hake med alt!

1 kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.