Skrivekløe, eller?

Det kjem ut mange nye boktitlar kvart år. Det er ikkje ende på skrivekløa.

Nokon skriv tydelegvis fordi dei har noko på hjarte, ein bodskap til manneætta, kanskje, eller dei har koka i hop ei ein kriminalroman, eller røvarhistorie. Innimellom slyng det bøker som eit fåtal les. Noja, det er eit spørsmål om ikkje det er få som les dei fleste titlar. Så er det nokre bøker vert såkalla bestseljarar. Så er det dei som sit inne med store kunnskapar på eitt eller anna felt, og det er ikkje rart at all lærdommen vil ut. Det er viktig at andre får del i alt ein veit. Elles er det viktig at det er viten som det er viktig å spreie. Folkeopplysning !

Dette er subjektiv tale. Det er til og med ein dårleg fundert påstand. Eg kjem då ikkje over ein brøkdel av dei nye titlane. No er det også slik at det er tida som viser kva som vellukka. Ei bok som kjem i fleire opplag, kan vere ei leseverdig bok. Smaken er også ulik.

Det eg eigenleg er oppteken av, er motivet for å skrive ei bok. Skriv ein for å skrive, vert det dårleg litteratur. Eg får av og til ei kjensle av at somme skriv for skrivinga si skuld. Kan skrivekløe vere ei slags liding?  Dette gjeld særleg romanar. Spørsmålet er om forlaga er strenge nok med kva dei slepper gjennom det såkalla nålauga.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.