Julegran

Overskrifta kunne vore juletre. For meg er det gran som gjeld. Eg kan hugse frå oppveksten at det av og til var fure. Nei, det må vere gran frå eigen skog. Dei som meiner å ha vit på det seier at det er ein dårleg sort gran som veks i min skog. Kan godt vere at mi gran dryssar mykje fortare enn den som vert kjøpt på torget og heiter edelgran. Det er ikkje nokon stas med å ha eit tre inne i stova til langt ut i januar.

Her på bruket skulle ein vel helst hatt ei einebuske. Det hadde broren til bestemor som budde her til midt på femtitalet. Då han gjekk bort, vart det gran. Han ville sjølvsagt at alle graner skulle få vekse opp til store tre som kunne bli material. Jau, hjelpe meg vart det ikkje både nok og for mykje graner både her og der. Grana veks som ugras. Sjølv om ho er ugras, vil eg ha ei inne i stova når det er jul. No skal eg straks ut og vade snø for å få tak i ei gran til. Ho skal vere festtre i romjula. Reknar med at eg må finne ei som er ca 4 m.  Grana som skal stå i stova har eg henta før. Ho må nok opptinast.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.