Follabloggen

Velkommen til min blogg

Forfatterarkiv

Mann over bord!

Kategori: Ukategorisert | 3 kommentarer » - Publiser torsdag 10. mars , 2011

Far fortalde ofte om då han fall overbord frå ei selfangstskute i Kvitsjøen. Dei hadde fått særs mykje sel, og dekket på selskuta «Helga»var fullt av selskinn. Han hadde nett tørna ut, og det var i hundevakta, i halv fire tida om natta. Han gjekk i tresko og valde å gå på rekka attover istaden […]

Medalja si bakside

Kategori: Ukategorisert | 1 kommentar » - Publiser onsdag 9. mars , 2011

Vi seier at Norge fekk 8 gullmedaljar i VM . Fekk eg gullmedalje også? Dei fleste medaljane gjekk til Trøndelag meiner eg å hugse. No var det ikkje sjølve medaljefangsten eg tenkte på, men det som kunne vere negativt med heile VM. Eg tenkjer  i det høvet på  uhemma festing og alkoholbruk langs løypene i […]

Gjestfridom

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser tirsdag 8. mars , 2011

Folk er sikkert gjestfrie i dag også, men eg tenkjer at det var betre før her i landet. Eg har lese og høyrt at heimar i andre og mindre rike landet, vert opplevde som meir gjestfrie enn det vi opplever her på berget anno 2011. Lat meg understreke at dette berre er eit inntrykk, eg […]

Utnamn

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser mandag 7. mars , 2011

Når eg tenkjer på utnamn, er det helst slike som folk får klistra på seg med eit visst negativt forteikn. Somme tider har folk utnamn som berre vert brukte når vedkomande ikkje høyrer det. I andre høve kan det vere slik at dette utnamnet vert så gjengs at beraren både får høyre det, og etter […]

Gamle ord med ny meining

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser lørdag 5. mars , 2011

Det var heilt rått seier toppidrettsutøvaren etter ein siger. Det var heilt konge, det var dødskult, råkult . Eg trur mange synest at ordet fantastisk  held på å bli slite. Difor gjeld det å ta i bruk andre ord. Folk er på leiting etter nye uttrykk. Det er ikkje så greitt å finne nye ord […]

Hendingar vi har vanskar med å legge bak oss

Kategori: Ukategorisert | 1 kommentar » - Publiser fredag 4. mars , 2011

Eg mislikar lange overskrifter, men her hadde eg vanskar med kort formulering. Vi har vel alle opplevingar i livet som vi seint eller aldri gløymer. Då tenkjer eg mest på opplevingar eg gjerne skulle gløyme. Det kan vere pinlege situasjonar som gjer at eg krympar meg kvar gong dei dukkar opp, eller den gongen eg […]

Vedhogst før og no

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser torsdag 3. mars , 2011

Motorsaga har revolusjonert vedhogsten saman med den hydrauliske vedkløyvaren. Eg trur knapt det er nokon som brukar vanleg sag for å felle eit tre, bortsett frå ein og annan miljøaktivist. Før var det også slik at du måtte drage vedastrangen heim med handemakt eller bruke hest og slede. I dag har traktoren teke over i […]

Vårteikn II

Kategori: Ukategorisert | 1 kommentar » - Publiser onsdag 2. mars , 2011

Eg ventar på Jasegeita. Ho er eit sikkert vårteikn. Dukkar ho ikkje opp ein gong ut i mars, er det teikn på ei økologisk katastrofe. No veit eg at Jasegeita ikkje finst. Dei gamle, foreldregenerasjonen min og lengre bakover snakka om denne Jasegeita, eller Harehukra. Jase er eit anna ord for hare, og geit tyder […]

Vårteikn I

Kategori: Ukategorisert | 1 kommentar » - Publiser tirsdag 1. mars , 2011

Sidan vi i dag skriv 1. mars er det på sin plass å skrive om vårteikn. Sidan eg planlegg fleire bloggar med vårteikn for å fyre oppunder ei gryande vårkjensle, vil eg hefte på romarteikn etterkvart som det skrid fram med bekkesurl og fuglekvitter. Det er både rett og rimeleg og heilt naturleg å gå […]

Von dess

Kategori: Ukategorisert | 1 kommentar » - Publiser mandag 28. februar , 2011

«Von dess » er eit uttrykk som berre sunnmøringar brukar. Her er visst fleire tolkingar inklusive Ivar Aasen si «med mulighet til å lykkes». Uttrykket er velplassert etter kombinertgutane sin tredjeplass i stafetten. Det kunne blitt gull, i allfall ut frå utsegnene til ein optimistisk reportar. Von dess, det vart bronse!  Det gjekk ikkje etter […]

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php