Follabloggen

Velkommen til min blogg

Forfatterarkiv

Brunosten er redda

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser fredag 18. mars , 2011

Dette var gladmeldinga   på lokalradioen her  i gårmorgon. No visste ikkje eg at dette særnorske skivepålegget var i fare og, det hadde det sjølvsagt aldri vore. Det som hadde vore i fare var brunostproduksjonen ved Ørstameieriet. Godt at ikkje Ørsta misser endå fleire arbeidsplassar i desse tider. Brunosten er fast på frukostbordet her i  huset […]

Gløsen

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser torsdag 17. mars , 2011

Greinaløyse og larv

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser torsdag 17. mars , 2011

Det hender at folk får den lite ærefulle karakteristikken «greinaløyse». Ein greinalaus person har ikkje orden på det han gjer, har kanskje ikkje orden på livet sitt i det heile. Er det «grein» på noko, så er det i orden eller slik det bør vere. Det har ikkje noko med grein på eit tre å […]

Minne frå framhaldsskulen V

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser onsdag 16. mars , 2011

Dette vert siste bloggen om framhaldsskuletida, førebels i allfall. Eg har tenkt litt på kva eg lærte dette året. Det vart arbeidd mykje med bokføring kan eg hugse. Det var eit nytt fag for meg, og det vart mest som eit lite handelsskulekurs. Avslutninga vart diverre noko skjemd av eksamen og det som hende der. […]

Minne frå framhaldsskulen IV

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser tirsdag 15. mars , 2011

Kva gjorde læraren når han var borte frå klasserommet? Sat han og prata og drakk kaffi? Det er sikkert nokon som veit meir om det enn eg, men eg har mine tankar. Det var ikkje telefon på skulen den tida. Derimot reknar eg med at det var telefon der han var, og at han ringde […]

Minne frå framhaldsskulen III

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser tirsdag 15. mars , 2011

Framhaldsskulerommet hadde utsikt mot kyrkja og  Åslidfabikken. Ein kunne sjå kontorvindauga i andre etasje. Der brukte den grå hatten til læraren ligge. Då visste vi elevane at langfriminuttet  enno ikkje var slutt. Kva vi gjorde på i fristundene? Det har eg faktisk gløymt det meste av. Hugsar at eg kunne teikne på tavla. Ein gong […]

Minne frå framhaldsskulen II

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser mandag 14. mars , 2011

På framhaldsskulen var det eit praktisk kurs med tresløyd for gutane og saum for jentene. Eg veit ikkje kva jentene fekk av kunnskap og nye ferdigheiter på sitt kurs, men vi gutane fekk sanneleg bryne oss. Sløydkurset var i kjellaren i Posten. Eigaren av huset kan eg ikkje hugse dukka opp når vi heldt til […]

Minne frå framhaldsskulen I

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser søndag 13. mars , 2011

Eg tenkjer ofte på ein lærar som gjorde eit sterkt inntrykk på meg på fleire måtar. Han var av desse som vart berre eitt år på kvar stad. No var ikkje det så rart sidan det var framhaldsskulen det gjaldt, og framhaldsskulen var eit årskurs  etter folkeskulen der vi hadde både teori og praksis. Det […]

Vårteikn III

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser lørdag 12. mars , 2011

No ventar eg på fonnene. Oppi Middagshornet er det snart klart for snøskred og litt ramling. Der er rikeleg med snø og det har vore påfyll til dags dato. Eg veit at underlaget er hardt, bakken stivfrosen med mykje ishelle. Det såg vi no før den siste snørida. Markane er dekt av is. Marimesse, 25. […]

Tsunami

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser fredag 11. mars , 2011

Vi lærte dette ordet for nokre år sidan. Det var ei fæl katastrofe som råka Sør-aust Asia. No er turen komen til Japan og tsunami er er eit japansk ord. Det er ofselge krefter som er i sving, først jordskjelv og så flodbølgje. 11. mars 2011 vil bli hugsa lenge av dei som vert råka. […]

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php