Gjestfridom
Folk er sikkert gjestfrie i dag også, men eg tenkjer at det var betre før her i landet. Eg har lese og høyrt at heimar i andre og mindre rike landet, vert opplevde som meir gjestfrie enn det vi opplever her på berget anno 2011. Lat meg understreke at dette berre er eit inntrykk, eg har ikkje sjølv opplevd på kroppen manglande gjestfridom.
Kan det vere slik at større rikdom gjer oss meir egoistiske og mindre viljuge til å gjere noko for andre? Før var det gjerne slik at kom du inn i eit hus, så vart du boden kaffi og mat, og folk hadde tid til å prate. Når du då fekk mat, så var det ikkje måte på påpassing av vertinna. No må du ete! Det vart nesten eit press. Eg har høyrt mange gongar vitsen med ho vertinna som dreiv med såvore press og fekk kommentaren: «Jeg er så mett at jeg tror jeg sprekker!» Svaret frå den velmeinande vertinna er klassisk: «Det var no det me so gjerne ville!»
Vi bur litt for oss sjølve i bygda og ser gjerne at folk stikk innom. Eg tenkjer då på folk som kjem med ærleg føremål eller ikkje har føremål i det heile. Skal ein vere gjestfrie overfor dei som kjem for å selje noko? Ein skal sjølvsagt vere høvisk, men ikkje dumsnill.
Eg høyrde på Geir Gundersen som hadde radioandakten i dag. Han snakka om Lydia, ei kvinne som viste stor gjestfridom og vert hugsa for det. Det er forresten den internasjonale kvinnedagen i dag. Bygdekvinnene byd inn til rømmegraut på Samhald sidan det er Feitetysdag. Eg har forresten alltid sagt Grautatysdag:-)
