Ja, vi elsker
Starten på nasjonalsongen er genial. I dag har eg vore med på å synge han to gonger. Slik vert det gjerne her i fjordbygda.
Vi har sunge både den og fedrelandssalmen. «Fagert er landet» har også vore på programmet to gonger. Dette har vi gjort sjølvom veret har vore «pjaskje». Toget måtte ta ei kortare rute, og det vart difor ikkje tale for dagen på den tradisjonelle plassen ved skulen. Eg bar ei fane og måtte verkeleg spenne musklane då det bles og regna som verst. Då var det godt å kome i hus.
Det vart ein kjekk 17. mai trass i dårleg ver. Besøk frå Oslo av barnebarn som har ruta forbi Slottet på programmet, var nok ein liten nedtur for dei, men for oss som bur her, var det kjekt å få besøk.
Eg gjorde kanskje noko dumt her i forkant av 17. mai då eg lærte eldsteguten eit tullevers på» Ja, vi elsker». Eg kunne gjere det fordi han kan nasjonalsongen og forstod at det er snakk om tull. Det verste var at nr. 3 på fire nokså kjapt lærte tulleverset ho også.
» Ja, vi elsker kjøtt og pølse, gammelost og smør,
den som ikke liker det, den jager vi på dør..!
I dag vart det det i allfall pølse.
asmund myhrvold Said,
mai 17, 2011 @ 22:17
Og her er østlandsversjonen av tulleverset:
«Ja, vielsker kjøtt og pølse, jamen gjør vi så,
den som ikke pølsa liker, den skal juling få.»
Idunn Said,
mai 18, 2011 @ 22:15
Det skal seiast: barnebarna syns det var meir stas med luftgeværskyting enn å vinke til kongefamilien (det har dei gjort før). Og i tillegg: mormor og morfar HAR luftgevær!
Neste gong vi kjem, blir det mykje skyting ;)
Harald Petter Kalvatn Said,
mai 19, 2011 @ 12:17
Under trygge og sikre tilhøve kan det bli kjekt. Trur vi ventar med skytinga til etter bryllaupet. Det vert ein den folk som virrar rundt her i pinsehelga.