Follabloggen

Velkommen til min blogg

Langfredag

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - fredag 29. mars , 2024

Dette er den lengste dagen som har vore. Det var den dagen for to tusen år sidan då Jesus Kristus vart sviken, torturert, krossfest og døydde. Han hadde gjort berre vel då han vandra på jorda vår. Han var skuldlaus. men han tok på seg all vår skuld, heile manneætta si synd og skuld.

Dagen vart høgtida i kyrkja vår. Det var mange som møtte fram og fekk med seg Jesu lidingsoge. Presten hadde laga til som ei dramatisering med forteljinga og dei ymse rollene framført av medlemer i kyrkjelyden. Det vart såleis meir levande enn når ein berre les lidingssoga. Elles var det song og musikkinnslag.

Det vart elles enn roleg langfredag på Folla. Nokre var ein tur på ski, men dei fleste heldt seg i tunet. Solgunn hadde laga ei herleg fiskegryte. Så var det den tradisjonelle leitinga etter påskeegga, Alle barneborna fekk sjølvsagt sitt egg med gotteri

 
























Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.