Follabloggen

Velkommen til min blogg

Barndomsminne 2

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - fredag 11. desember , 2020

11. des.

Mitt ambivalente forhold til julenissen og alt hans vesen skriv seg nok frå ei oppleving i eitt av mine tidlege barneår. Det var ein mørk kveld det brått dukka opp eit skremmande syn. Andletet i kjøkenglaset var opplyst. Eg vart livredd! Nissen var ikkje noko koseleg syn . Det var meininga at eg skulle bli skremd og det vart eg til gagns. I ettertid har eg forstått kven spøkefuglane var.

Jula var elles berre positiv, særleg julekvelden med alle pakkane. Eg hugsar levande ein julekveld då alle pakkane var opna og alt var fryd og glede. Då var det ei tanke slo ned i vesle Harald: » Det plar kome snakedagar etter kakedagar!» Det var nok første gongen eg fekk ein slik tanke, sidan veit eg at det ikkje er så uvanleg å få slike tankar når noko er verkeleg kjekt og ein kan kjenne seg rik. Ordtaket var det lærarinna  som hadde kome med i ein skuletime. Etterkrigsgenerasjonane har fått oppleve både oppgang og nedgang, men ikkje slike påkjenningar som «dei harde trettiåra».

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.