Follabloggen

Velkommen til min blogg

Sein vår

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - søndag 10. mai , 2020

«Når skaren ber i juni vert det sein vår!» Eg ser ut vindauga. Det er kvitt ute, snøen har lagt seg på mark og tre. Vermeldinga for komande veke er nedslåande. Kaldlufta ligg over heile kongeriket. Eg trøystar meg med at dei har det verre i Tromsø med godt over meteren med snø.

Det ser ut til at dette året har med seg meir enn korona. Vi er nøydde å halde oss heime, vi kan ikkje flyge til varmare land. Nordbuane må feriere i eige land. Kva med sommaren etter ein sein vår? Vi må feriere i eige land. Her er mykje areal, men det er nok ein tendens til at det fleire stader kan bli trangt om plassen. Vi får vone at vi snart kan kome nærare kvarandre enn ein meter.

Skulle ha skifta til sommardekk no, men det får vente. For nokre år sidan kom det snø i slutten av mai. Vi hadde besøk av barneborn og det vart laga snømann på plenen. Vi har ein liten åker, men eg er usikker på kva ein skal putte i jorda når snøen ein dag smeltar.

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.