Follabloggen

Velkommen til min blogg

Ikkje omsnakkande

Kategori: Ukategorisert | 1 kommentar » - mandag 30. mars , 2020

Hugsar eit uttrykk som forelda mine og andre brukte: «Dekje omsnakkande». Alle forstår kva det vil seie å snakke om noko eller nokon. Meininga med utsegna tyder på at her er det noko vi ikkje ynskjer å snakke om. Men som alltid er det ofte nyansar i kva som ligg i ei utsgn. Sjølv oppfattar eg at det noko som er ille, kanskje svært ille  bortanfor det som er sømeleg, kanskje forferdeleg, forkasteleg, meiningslaust eller vanskeleg å finne ord for.

Somme vil kanskje meine at det er eit tabu. Dette er noko ein ikkje må snakke om. Slik oppfattar eg det ikkje.

Språket vårt har vorte fattigare sjølv om det har kome til nye ord og omgrep. Vi har utan tvil mist noko på vegen. Tidlegare var bruken av det engelsktalande kalla understatement, vanleg. I sagalitteraturen vert det i personskildringar sagt om ein mann «at han var ikkje liten». I røynda var denne personen storvaksen. Ein variant var at personen var heller stor.

 

 

 

 

1 kommentar »

  1. Bjørg Said,

    april 1, 2020 @ 20:37

    Ja, sånn er det!

RSS feed for comments on this post · TrackBack URI

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.