Vind i kasta
Det er er mykje snakk om veret. Det er ikkje så rart heller sidan vi har mykje og variert ver her i nordvest. Regn. sludd, snø og vind, glatte vegar og dårleg sikt. Måtte likevel spisse øyra då ei på radioen fortalde om veret på sin heimstad no i ettermiddag. Det var» vind i kasta», sa ho. Ja, kva kunne no elles vere i kasta? Reknar med at det var vindkast ho snakka om. Det er vel mangt som kan fyke med vinden, ikkje minst når han er brå av seg.
Vind kan no elles etter gammalt brukast i ulike samanhengar. » Eg er so vindfull»! Det seier ein helst ikkje i finare selskap sjølvom det er eit anna ord for luft i magen.