Lodaløyse?

Var det noko folk rundt om på gardane frykta, så var det lodaløyse. I min oppvekst kunne det vere reelt. Lodaløyse vart det dersom det vart for lite for til dyra. Eg høyrde ordet, men opplevde aldri lodaløyse. Viss ein såg at det vart for lite for, måtte ein slakte fleire dyr enn ein hadde tenkt, eller så måtte ein kjøpe høy.

Eg driv ikkje garden eg bur på, men eg har ved av eigen skog. No ser eg at det minkar stygt! Når eg ser inn i vedskjulet, kjem eg på det gamle ordet, lodaløyse. Det er ovnen som et opp veden, og eg må fyre for å halde varmen i huset.

Dei snakkar om minkande vedlager i landet. Noreg importerer store mengder ved frå Baltikum. Her er ikkje mangel på skog på garden, og vi har alltid hatt nok, men eg har nok trudd for mykje på at temperaturen skulle stige. Rart at eg ikkje vart litt skremd etter sist vinter og laga til meir for vinteren. Det vert ikkje eg som går på bensinstasjonen og kjøper ved.

Varmepumpe, seier du. Nei, då får eg heller gå inne i varmedress. Så får eg satse på litt vedhogst snart, men den veden skal ikkje brukast før om eit år. Vert det vårknipe i vedskjulet, får eg  brenne  gamle fjøler  så skal du sjå det vert orden i garden!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.