Spor

I går la eg ikkje att spor i bloggen. Hjerna var kanskje tom for idear. Det har snøa og eg har vore ute og sett spor. Dei varer ikkje lenge. Ein runde med snøfresaren så var dei borte. Slike spor plagar meg ikkje det spor!

Alle menneske set spor. Eg synest det er alvorleg. I dag tenkjer eg spesielt på ord i blogg. Det er ille når vi brukar bloggen som ei søppelbøtte. Det same gjeld Facebook. Folk tastar altfor mykje flåsete og tankelaust inne på FB. Det vert negative spor av det i sinnet på den som les.

Det er uråd å late vere å setje spor så lenge du er vaken. Eg har sett spor som eg angrar på.  Sjølv om eg har bedd om tilgjeving, ligg det som eit minnespor.

Eg ynskjer ikkje at minnespora skal forsvinne. Alzheimer er ikkje noko å ynskje seg. Vi må leve med minnespora, og det viser seg at det er råd  å få fred frå plagsame tankar.

No må eg snart setje litt spor etter meg i dag også . Når kona kjem frå arbeid, ventar ho at eg har gjort eitkvart. Ho har både god luktesans og synssans.

Eg kunne sagt mykje om å setje spor, men no vil eg ikkje tenkje meir på det.

1 kommentar

  1. Gode og artige tankar:) Kjekt å lese innlegga dine. Du veit at ho mor sikkert les bloggen. Viktig å presisere at du lagar mat og ryddar, fordi du er glad i ho. Spora kjem som eit resultat av dei gode gjerningane.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.