Min musikk

Folk snakkar om sin musikk. Somme seier dei er altetande når det gjeld musikk. Eg høyrer ikkje til den siste kategorien.

Eg tenkjer ofte på ein mann eg kjende ein gong. Han hadde aldri spelt eit instrument, og eg trur heller ikkje hankunne synge. Når han høyrde fin musikk på radio, då trilla tårene. Det var strenger i han som vibrerte slik at det synte utanpå han. Det er lenge sidan eg kunne kjenne det på kroppen at noko var fint. Kvifor frys eg ikkje på ryggen lenger når eg høyrer fin musikk? Somme seier at nakkehåra reiser seg. Det opplever eg heller ikkje.

Musikken talar til kjenslene. Eg likar musikk som er lyrisk, som er var og mjuk, ja gjerne melankolsk. Eg veit at eg er gammaldags når eg likar musikk laga for 50-60 år sidan. Det er kjekt å gå inn på You Tube og sjå og høyre gamle innspelingar. Ei av første platene eg kjøpte tidleg på 60-talet, var med Jim Reeves. Den plata fekk mange runder på platespelaren.

Her ein vår fekk eg sjansen til å vere på konsert med Dolly Parton. Det vart inga stor oppleving. Lyden i Vestlandshallen var dårleg, og svært mange i hallen var mest opptekne av å drikke øl. Men eg høyrer gjerne på Dolly Parton 🙂

Det finst stygg musikk. Det er musikk som ikkje har klangbotn hos meg. Blir det for ille slår eg av.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.