Follabloggen

Velkommen til min blogg

Brogn med meir

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - søndag 21. juli , 2024

Brogn med meir

Det var noko faren min kalla brogn. No har eg funne ut at det er det villbringebæra veks på. Som dei vekstane  dei kultivert bringebæra veks på, er det toårige planter. Dei ville bringebæra veks i eit «røde» eller villniss. Bringebæra er gode på smak, dei kultiverte og dei ville, I år er det god tilgang på villbringebær. Vi lagar gjerne syltetøy av bringebæra, eller vi blandar med rips. Saft av bringebær er også godt. 

Kvifor lagar vi saft og syltetøy når ein kan gå i butikkhyllene og plukke ferdige produkt? Vi har nok råd til det, men eg vert litt tvilrådig når eg skal kjøpe  syltetøy. Det er ymse sortar å få kjøpt. Utan tilsett sukker f.eks. Er det sikkert at kunstige søtstoff er betre enn sukker. Det finst også produkt med tilsetning av fruktsaft. Sukker har nærast vorte eit fyord.

I hagen har vi mange ripsbusker. Rips er litt surt og sukkerstoff må til. Når rips vert kokt i vatn og silt, kan ein få ripssaft og med nok sukker får ein gelè. Gelé er skikkeleg søtt. Det bør ein ikkje ta inn for mykje av.

Solbærbusker har vi også. Det er først og fremst syltetøy vi lagar av solbæra. Vi har oftast brukt ei oppskrift med ganske mykje sukker. 1 kg bær, like mykje vatn og 2 kg sukker.. Men det finst oppskrifter med mindre sukker.

Alle bærsortane eg har skrive om,  gjev oss  ulike viktige vitamin som er bra for kroppen.

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.