Follabloggen

Velkommen til min blogg

Bokmelding

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - tirsdag 16. juli , 2024

Desse mine minste

Trilogi;

Fonna

Vreiden

Domen

Forfattar: Ivar Mork

Bokmelding

Før eg las dette trebindsverket, hadde eg lese tre bøker av forfattaren: Reisegalskap I-III .

No skal eg ikkje gå inn på innhaldet i desse bøkene, men det må vere greitt å nemne at språk og innhald syner ein forfattar som kan turnere språket og formidle eit innhald som riv med seg lesaren. Då eg var ferdig med dei tre banda med reisegalskap der han har gjestar mange land, var det naturleg at eg fekk lyst til å lese trebandsromaen  «Desse mine minste».

Eg hadde også ein personleg grunn til å vere nyfiken. Den første boka, Fonna, tek til med ei kjend raskatastrofe i ein fjord på Nordvestlandet. Namna på bygda, grendene, er endra , men med litt lokalkunnskap er det ikkje vanskeleg å skjøne kvar ein er . Otólaulukka i 1770 førte til at 3båtar  frå Skjåstaddalen på veg til kyrkje vart tekene av ei diger snøfonn. og 19 menneske drukna. Ein av dei omkomne høyrer til mellom forfedrane mine.Den første boka byggjer på ei verkeleg hending. Så er det at forfattaren gjer noko på eiga hand. Han let ein av dei omkomne leve. Det er ei jente på 10 år, Rakel.

Segna fortel at ei småjente som dei trudde var død og låg i båtnaustet i lag med dei andre omkomne hadde flytt seg etter ho vart lagd der. Hadde ho frose i hel? Så er det at forfattaren let ho leve og lagar eit romanverk der denne jenta er ein av høvudpersonane.

Det er spanande bøker, og spaninga stig frå bok til bok. Språket er slik som folk snakka i allfall for 150 år sidan. Det har vel ikkje endra seg så fælt mykje frå slutten av 1700- talet.  Mork brukar mange ord og vendingar som eg kjenner frå min oppvekst som ligg berre vel ei mil frå der hendingane utspelar seg. Det er mykje som er forvitneleg med bøkene, Berre det at han maktar å skildre levekår på slutten av 1700-talet.  Menneskeskidringane, restane av gamle førestellingar, avstanden mellom prestar og vanlege folk, skildring av folket sine tankar når det gjeld kristendomen. Her er det sterke kjensler og lagnadstunge handlingar.

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.